Praktisk informasjon Målrock 2021

Ver vennleg og les informasjonen under nøye. Dersom du ikkje skal nytte billetten din til årets festival sjølv må du informere dei som har din billett. Denne informasjonen er sendt ut til alle registrerte billettkjøparar pr. 3. august. Den blir og publisert på www.malrock.no.

KORONASERTIFIKAT

Det er krav om gyldig koronasertifikat for å kome inn på Målrock.

Det er fire måtar du kan få gyldig koronasertifikat:

  1. Du er fullvaksinert

  2. Du har fått første vaksinedose for minimum 3 veker sidan

  3. Du er immun etter å ha hatt Covid-19 i løpet av de siste 6 månadane.

  4. Du har tatt ein hurtigtest, med negativt resultat, som ikkje er eldre enn 24 timar.

Når du som publikum skal inn på festivalen må du logge deg inn på Helsenorge-appen, der ditt koronasertifikat er tilgjengeleg for skanning. (Logg på med Bank-ID). Merk at du og må ta med gyldig ID til kontroll av koronasertifikatet. Sjekk at appen fungerer innan du kjem, og gjerne allereie no i dag. Dei utan smartphone eller anledning for å bruke appen, må ha med utskrift av koronasertifikatet.

Meir informasjon om koronasertifikatet finn de her;Om koronasertifikat – helsenorge.no

Hurtigtest

Hurtigtest under målrock er gratis. MedicSør vil stå for gjennomføringa. All testing i regi av Målrock vil finne stad på Årdalstangen, i dei tidelgare lokala til Mix-kiosken (Statsråd Evensensveg 5.) Tinging av hurtigtest vil skje elektronisk, her: https://helserespons.no/timebok/codeword/medicsor/

MERK: Koronasertifikatet vil bli sjekka kvar gang ein skal inn på festivalområdet.

Har du til dømes tatt hurtigtest fredag klokka 15.00, så er denne gyldig fram til laurdag klokka 15.00 (gyldig i kun 24 timar). Ein med festivalpass (som og avhenger av hurtigtest) vil i dette tilfellet altså måtte ta ein ny test i løpet av laurdagen for å kome inn på festivalområdet.

Smittestopp-Appen

Me oppmodar alle som vitjar målrock om å laste ned og aktivere Smittestoppappen . Denne kan du laste ned gjennom App-store for iPhone og Google Play om du har Android-telefon.

ANNAN PRAKTISK INFO

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

https://www.gasta.no/
Forrige
Forrige

Målrock 2021 – AVLYST

Neste
Neste

Viktig informasjon ift. koronasertifikat og hurtigtesting