Målrock 2026 treng frivillige som har lyst å bidra til å gjennomføre årets musikalske og kulturelle høgdepunkt i Årdal!

Her kan du melde deg som frivillig til Målrock 2026! Ved spørsmål ta kontakt med Katrine på e-post; katrine@malrock.no

Les informasjonen under nøye før du fyller inn skjemaet:

  • For deg som bidreg under festivalgjennomføringa jobbar du ein dag og får ein dag fri med billett til festivalen. Du kan gi billetten til nokon annan dersom du ynskjer det.

  • For deg som bidreg til opp- og nedrigg av festivalen jobbar du to dagar og får fri fredag og laurdag (i utgangspunktet opprigg tysdag og nedrigg søndag)

  • Dersom du har motteke festivalbillett og ikkje møter opp til vakta blir du fakturert for billetten til gjeldande pris.

  • Alle frivillige får tilgong på mat og drikke medan ein er på jobb.

  • Kort om dei ulike oppgåvene:

    • Rigg av arena/område: Riggar opp og gjer klar festivalen fysisk for publikum - bidrag til rigging av telt, scene, gjerder, toalett. Det er ein fordel å vere i grei fysisk form. Aldersgrense 18 år.

    • Vertskap: Tek seg av spørsmål frå gjestene ute på området, følgje med at folk oppfører seg, rydde og halde oppsyn. Ulike vaktpostar rundt festivalområdet er ein del av oppgåva til denne gjengen, men det blir rullering av oppgåver. Nokre få plassar til personar under 18 år.

    • Bar/servering: Bemanning og sal av varer frå baren. Aldersgrense 18 år.

    • Trivsels- og utfordringspatruljen skal løyse det som dukkar opp og syte for at alle har det kjekt. Dersom du melder deg i denne gruppa kan du få både uventa oppgåver og uføresette opplevingar… Aldersgrense 18 år.

    • Billettsal og -kontroll skal bemanne billettsalsbua, selge og scanne billettar, samt sette på festivalbånd ved inngangen, samt bemanne merchandise-bu inne på festivalområdet.

    • Nattevakt: Skal halde oppsyn med festivalområdet på natta, 2 personar saman om jobben. Aldersgrense 18 år.

    • Vi tek atterhald om at vi kan endre på oppgåvene undervegs slik at vi løyser alt mest mogleg praktisk.

  • Det blir to informasjonsmøter (du bør møte på eitt av dei) før festivalen:

    • Onsdag 3. juni kl 20:00

    • Torsdag 4. juni kl 20:00,

    • Oppmøte: Festivalområdet/baren

    • Agenda for desse møta er: Velkommen, viktig informasjon om festivalen, viktig informasjon knytt til sal og servering av alkohol og informasjon om dei enkelte områda med meir. Dersom du ikkje kan møte på nokre av desse tidspunkta får du informasjonen på anna vis.

  • Alle som skal vere frivillige må lese og forstå kontrakt, les den her

Skjemaet finn du under, om lenka ikkje fungerer KLIKK HER.

FRIVILLIG