Alle festivalbillettar bør kjøpast på førehand.
Det gjer du enkelt og raskt her!
Festivalbillettar blir i tillegg selde lokalt saman med bandpåsett (kun kortbetaling!).
Kun kortbetaling av billettar. Hugs gyldig legitimasjon ved byte til festivalband, då vi sjekkar legitimasjon (over/under 18 år). Gyldig legitimasjon er pass, førarkort med bilete eller nasjonalt ID-kort. Vi kan dessverre ikkje godkjenne digital legitimasjon.
Dersom du har gjestelisteplass eller liknande avtale hentar du festivalband i billettbua i opningstidene.
Billettsal på førehand stenger kl 16:00 fredag 5. juni. Etter dette aukar prisane, men billettar kan kjøpast både på nett og ved inngong så lenge det er kapasitet.
Ungdomspass blir berre solgt på førehandssal, og siste frist for dette er fredag 5. juni kl 16:00. Det er avgrensa tal billettar.
Vi har ikkje ungdomsbillettar tilgjengelege på dagspassa, dette gjeld berre festivalpass.
Byte av festivalbillett til band og billettsal 2026:
Øvre Årdal ved/på (ute ved opphaldsvær) Årdalsenteret torsdag 4. juni kl 11:00-12:30. Nytt i 2026: Alle billettar kan bytast til band!
Årdalstangen, billettbu ved inngong torsdag 4. juni frå 17:00-19:00. Nytt i 2026: Alle billettar kan bytast til band!
Billettbua er open slik:
Fredag 5. juni frå kl 17.45-01:00
Laurdag 6. juni frå kl 16:00-00:30