MÅLROCK 2026 - VEGEN VIDARE - VIL DU BLI MED?
Foto: Lotte Bukve Kjødnes
Målrock står i 2026 føre festival nummer 23 i rekka. Eit livsløp få festivalar kan vise til. Mykje har nok såleis vore gjort rett i høve drift og økonomi. I start gruppa for etableringa av festivalen var Kari Vigen sentral. Kari hadde ein god visjon for både innhald og drift, der ansvarsområde blei delt for å sikre god kontinuitet. Målrock blei ei stifting med fokus på program og driftsbehova knytt til dette. Reisemål Årdal/Kjelde fekk ansvar for drift av festivalområdet og riggbehov, med mandat til å kople seg mot idrettslaga. Såleis blei ÅTIL og IL Jotun tette og gode samarbeidspartnarar, som dei så har vore heilt sidan oppstarten i 2003.
Festivalnoreg har endra seg mykje på 22 år, med stadig fleire arrangement i ulike format. Også lokalt er har tilboda blitt mange og variert, som krev hyppig omstilling og endring i høve budsjett og satsing. Men med ein godt lokalt fundament i botnen jobbar no Stiftinga Målrock vidare for å sikre framtidige arrangement, då med nokre nye vegval. Vala er tatt saman med alle tidlegare involverte partar. Blant anna endrar vi på samarbeidsformene og ser på løysingar der Stiftinga Målrock styrer alle driftsoppgåver. Vi er likevel einige om at vi skal spele på kvarandre ved behov – og bruke våre ressursar der det er til nytte for alle partar. Alle tidlegare partar er samde om at ei endring kan styrke vidare føresetnader.
Idrettslaga har vore fundamentale og svært viktige ressursar for Målrock i alle år, og festivalen ville aldri vore like solid gjennomført og hatt sin historikk utan den sterke innsatsen til både enkeltpersonar tilknytt idrettslaga og dei uttal personar som har stilt på dugnad, år inn og år ut. Men både laga og stiftinga ser no at vegen vidare kan trenge endring. At ressurs Frank Eldegard, som har vore med heilt sidan oppstarten, valde å takke av etter 2025, har og gjort at ein må tenkje nytt.
Målrock har blitt ei merkevare for Årdal, noko me vil, og skal, jobbe hardt for å vidareføre. Me håpar og at fleire av desse som har vore med oss på dugnad har lyst å til å bli med vidare – gjerne som frivillige under festivalgjennomføringa. Det vil og vere rom for andre som har lyst å bidra.
Avslutningsvis ynskjer Stiftinga Målrock å rette ei spesiell takk til alle dei solide koordinatorar som har hatt styr på det meste i alle år og bidrege til eit godt fundament for oss vidare.
Vil du vere med å realisere den fantastiske festivalen i 2026? Sjå meir info HER og ikkje nøl med å ta kontakt!