Informasjon til deg som skal vere frivillig på målrock
Vi nærmar oss veldig årets høgdepunkt for oss i Stiftinga Målrock - og forhåpentlegvis for mange andre og.
Alle som er registrert og godkjent som frivillige skal ha fått ein e-post datert 20. mai, og dei som har registrert seg etter dette har fått den samme e-posten ettersendt. Vi føl no opp innkomne søknader kvar dag, og set opp folk på vaktlista. I skrivande stunder det fortrinnsvis vertar på laurdag vi har behov for.
Det har snike seg inn ein DATOFEIL i informasjonen - informasjonsmøte er onsdag 3. og torsdag 4. juni. Så det er oppgitt riktig dag, men feil dato. Stad og tid er riktig.
Dersom du ikkje har fått e-posten må du gi beskjed snarast. Dei som er meldt inn direkte av nokon av oss i styret og ikkje oppgitt e-post vil få informasjonen frå din kontaktperson.
Det er og sett opp meir informasjon om oppgåver og slikt her: https://www.malrock.no/frivillig