Chris Holsten til Målrock!

Endeleg får røpa neste artist for årets festival, og dette er ikkje kven som helst!

Denne nyheita har me gleda oss ekstremt til å få dela med dykk!

Ein av Norges desidert største artistar tek turen til oss på Målrock, og for eit show dette skal bli

Her kan ein forventa vakre tekstar, allsang, dans og eit fantastisk sceneshow. Ein folkekjær artist for folk i alle aldrar. Dette vert utruleg stas!

Chris Holsten har satt eit solid avtrykk i norsk musikkhistorie med albuma ‘Bak en fasade’ og ‘Gå bli lykkelig, du» og hitlåtar som «Smilet i ditt eget speil», «Bare når det regner» ,«Slåhjerte, slå» og «Rekk opp hånda».

I januar avslutta han den storslagne turnéen «Rekk opp hånda» for eit fullsett Oslo Spektrum. Det for andre gang i karriera si.

-«Å få spille arenakonsert i Oslo Spektrum en gang var stort. Å få gjøre det en gang til drøyt ett år etter er nesten litt uvirkelig. Det er noe helt eget å stå på scenen i den mektige salen og høre publikum synge med», fortel Chris.

Saman med sitt eminente band er Chris klar for å laga god stemning og nyta allsangfaktoren over heile landet når dei tar fatt på festivalsommaren 2024.

«Vi har fremdeles Spektrum konserten brusende i blodet og kan knapt vente til sommeren. Å få reise rundt og spille, synge og danse med folk på landets mange festivaler er alltid ett høydepunkt». avsluttar Chris.

Forrige
Forrige

3 nye artistar klare for Målrock!

Neste
Neste

Første artist klar!