STRUPETAKARANE

Legendariske Målrockveteranar returnerar, nok ein gong!

I 2000 debuterte landets einaste punkeband med notestativ på ein brun pub under Påskerock i Årdal. Debutkonserten med Strupetakarane på sagnomsuste Årdalsstova blei starten på ein 25 år lang avskilsturné som framleis ikkje er komme til vegs ende.

I skarp konkurranse med Fleskedalen, Fodnes/Mannheller og Muradn, er Årdalstangen og Målrock den staden som har fått gleda av å vere vertskap for flest avskilskonsertar i løpet av 25 år. Konserten på årets Målrock blir den tiande i rekka med Strupetakarane.

Her blir det gjenhøyr med gamle travarar som Bungalowvegen, Industri og Årdalsgryta, men det ryktast og om at kreativiteten blømer innad i Strupis. Sjå ikkje vekk frå at nettopp din gatestubb eller din favorittpub kan vere på settlista når Strupetakarane inntek Målrock-scena.

Forrige
Forrige

ANITA NORDHEIM BLUES N’ GROOVE COMPANY

Neste
Neste

THE BRUUDS