ANITA NORDHEIM BLUES N’ GROOVE COMPANY
Anita Nordheim Blues n’ Groove Company leverer blues- og groovemusikk slik det skal låte – rått, ekte og fullt av kjensler. Utan unødvendig pynt, utan kompromiss.
Frontfigur Anita Nordheim, med røter i Årdal, leiar eit band som verkeleg meistrar å fange publikum – både på intime klubbscener og store festivalar. Med debutalbumet Despite og over 450 000 streams på Spotify har dei gjort eit sterkt inntrykk på det norske musikklandskapet. No er dei snart klare med sitt andre album!
Bandet har spelt på alt frå Notodden Bluesfestival til Trandalblues og får stadig strålande tilbakemeldingar for sine energiske livekonsertar.
Målrock gler seg stort til å ta i mot Anita og gjengen i sommar – dette blir ekte, dette blir rått!