Bare Egil og Aslag
ARTISTSLEPP – GRATIS FAMILIEKONSERT TORSDAG!
Bare Egil og Aslag kjem til Målrock torsdag.
Duoen har i mange år laga show for barn og familiar, med ein miks av musikk, humor og litt skråblikk på samtida.
I det nye showet prøver dei å henge med i tida – med synth, keytar og TikTok-inspirerte dansetrinn – og det går sånn passe bra.
Det blir ei historie om å passe inn, og om kva som skjer når ein prøver å vere noko ein ikkje er.
Dei har også bakgrunn frå band som Hurra Torpedo, Bare Egil Band og Black Debbath, og frå fleire TV-program og filmar.
Passar for barn (med foreldre som tåler det)