Oslo ess
Med sine sju føregåande studioalbum, elleve radiosinglar og eit tusental konsertar bak seg i det ganske land, skal det vere nesten umogeleg å ikkje kjenne lyden av desse rennesteinsjarmørane som har sparka opp dører, knust vindauge og selde ut kjellarrom, stover og storhaller rundt om i landet sidan gjennombruddet i 2010.
Målrock gler seg til å ynskje Oslo Ess velkommen tilbake til Årdal! Etter suksessen frå tidlegare år er det ei stor glede å få oppleve desse legendariske rockarane på scena igjen! Det vert ein konsert med mykje energi, ekte rock’n’roll, og ei festivaloppleving som ingen vil gå glipp av!