Design av Agnitio AS

29.08.2010 - MÅLROCK 2011: 11-13. AUGUST!


Det meste av arbeidet etter årets festival er no avslutta, og arbeidet med neste år i full gang. Målrock blir 11-13. august 2011! Vi gler oss allereie.



19.08.2010 - Fotogalleri på plass!

 

Om lag 3850 personar var innom Meieriparken 6. og 7. august, og no er bileta på plass! Klikk her for å sjå meir! Diverre har vi ingen bilete frå arrangementet under Skåri, men det fins i biletgalleriet til Porten.no. Sjå og biletseriar frå NRK Sogn og Fjordane og Sogn Avis. Dato for Målrock 2011 blir sett i nær framtid, og blir offentleggjort så snart vi har det klart. Samstundes byrjar vi å planlegge neste år, så vi tek gjerne tilbakemeldingar på Målrock-festivalen og alt rundt til e-post: malrock(AT)utkant.no. Mogleg vi trekk ut nokre overraskelsar blant dei innspela som kjem, pass opp! :-)

 


Vi hadde og eit tilbod til dei mellom 15 og 19 år om å blåse grønt ved midnatt kvar dag under festivalen, og her er dei heldige vinnarane av premiar:

1. Gåvekort kr. 6000: Kennet Dvergedal og Malin Aanes Dahl

2. Gåvekort kr. 2000: Lene Lerum Bruheim og Daniel Eide

3. Festivalpass Målrock 2011: Eivind Larsson og Amalie Bjørkum Holsæter

4. Ullteppe: Mia Gullaksen

5. Ryggsekk: Serine Tryti Hunshammer


Gratulerar til alle vinnarar, og takk for innsatsen til alle andre som blåste grønt!



 

Besøk MålROCK andre stader på internett: